Mange vil nok tru at sidan eg for tida studerar i utlandet so er det internasjonalt nok for meg.
Ikkje det nei.
Eg har funne ut at i løpet av studie tida mi vi leg reise ein anna plass og studere, i alle fall to gongar. Eg vil til Wales, UK, eller Scotland, UK, eller Irland, eller Beijing, Kina, eller Hong Kong, Kina... You get the picture.
Eg veit ikkje når eg har tid/råd til å gjere det, men kanskje til neste haust? Eller neste vår? Eller en sommar en gong?
Grunnen til at eg har lyst til det her, er at eg har muligheit til det. Eg treng ikkje vere berre ein plass for å fullføre bachelorgrada mi, og når eg kan sjå verda og få utdanning på same tid, so kvifor ikkje?
Foreløpig er det berre tankar og idear, men det er på god veg til å bli eit mål. Og dessutan, dersom eg er i Europa so kan eg ta meg ein svipptur heim av og til. Ikkje at eg savnar heime so mykje, men USA er faktisk ganske langt vekke. So slik eg setr det so er det stort sett berre positive sider med det. Klart, det kostar jo penge, men eg kan overføre det scholarshipet eg får frå skulen slik at kostnadane blir mindre dersom eg vil studere i europa eit semester. Og det finst andre plassar å få finansiell hjelp, både frå skular og organisasjonar.
Eg skal tenke litt på det. Og halde folk oppdatert...!
"Bachelorgrad i Internasjonal Business, inkludert to co-op periodar og med to semester fullført i ytlandet!"
Kanskje. Eller kanskje det blir Bachelorgrad i Human Resources...
Up, up and away. Stay safe and be nice.
1 comment:
Det går raskare mellom kvar ferie og kvar tur heim enn kva du trur i begynnelsen! :) Er ikkje lenge til jul no!
Ellers en god plan! Er jo lurt å sjå verden, møte masser av folk og kulturar, og ikkje minst få med seg studia samtidig!
Kjekt å lese innom her i ny og ne! :)
J.
Post a Comment