No er det, som du kanskje har skjønt, berre fire dagar til eg er på reisefot. Bil, fly, fly, tog(eller bil) og so er eg heime. Det er snart fire månadar sidan eg reise frå heimlandet og begynte mitt hittil største eventyr. Fire månadar med fag eg ikkje trudde fanst i det heile, fag med lekser i haugevis, fag med ingen lekser, irriterande fag, kjedelige fag og spennande fag. Fire månadar har eg budd ilag med andre "liksom-voksne" og forsøkt å ta vare på meg sjølv og dei rundt meg. Mest meg sjølv. Det har vore fire månadar eg har lært meir om meg sjølv enn nokonsinne, lært om andre menneske, fått nye vener og bekjente, fått nokre få ikkje so gode vener. Eg har vore oppgitt, irritert, mållaus, glad og undrande. Eg har vore meg sjølv. Og eg ville ikkje bytta det for noko anna i heile verda.
Eg gler meg til å kome heim no. Eg har allerede pakka litt julegåver, eg har begynt å pakke litt kle, eg har pakka ned kameraet mitt so eg ikkje gløymer det, eg har planer om å pakke ned et par ting til. I hovudet mitt so er eg allerede på reise, eg har begynt å tenke på kor godt det kjem til å vere å sjå igjen alle saman. Alle. Mamma, pappa, Tanja, Oda, Siri, Martin, While, Karro og alle dei andre. Alle.
Spesielt Tanja. Fire månadar utan hjertesteinen min har vore merkbart. Eg gler meg no. Fire dagar igjen av fire månadar.
Fire.
Up, up and away. Stay safe and be nice.

No comments:
Post a Comment