11 March 2009

Giganstisk. Og fleire skrivefeil..

Eg kom plutselig på at eg har ikkje fortalt om ferien min enda! Og det må eg ta og gjere noko med ganske so snart. Og sidan eg likevel har ettermiddagen fri, so kan eg likegjerne gjere det no. I staden for å utsette det. Procrastinating som det heiter her borte. Og collegestudentar er eksepsjonelt flinke til det. Og eg trur kanskje det samme gjeld for høgskulestudentar og liknande i heimlandet. Eller kva du trur Supern?

Tilbake til ferien min! Vi, eg og Alexis, reiste frå RIT i 12 tida fredag etter eksamen. Vi var litt seint ute, men heldigvis var flyet forsinka. Igjen. Med ca 2 timar. Det skulle holde hardt å nå flyet frå Newark. Men heldigvis so var det flyet og forsinka. Og kansellert. Igjen. So vi fekk plass på det siste flyet som gjekk til Pittsburgh den kvelden. Og det flyet var og forsinka. Med ca 3 timar. Vi ankom Pittsbugh litt etter midnatt. 12 timar etter at vi reiste frå RIT. Vi kunne teke ein bil og kjørt til Pitt tre gongar på samme tid. Og det hadde vore billigare.

Men! Laurdagen var vi innom mykje! Vi såg dinosaurar, åt Pirmanties (eller noko slikt), møtte en drøss med folk og kosa oss. Den var ein flott dag! Og vi la oss tidleg. Søndag reiste vi tidleg, tidleg til Massanutten! Og vi var utålmodige. So etter 3 timar på vegen fekk Alexis fartsbot. Ikkje akkurat ei lita ei heller. Eg tykkjer det høyrest ut som nokon eg kjenner...Kjenner du han?

Men vi kom oss fram. Og det var vel verdt det! Giganstisk boblebad, stoooore senger, kjøkken, stove og masse snøv! Det kom til og med ein snøstorm søndags kvelden! Mandag, tirsdag, onsdag og torsdag var det timar på timar med snøbrett og snøv. Det er ikkje mykje å seie om det, anna enn at det var HEILT FANTASTISK!!! Neste år har vi bestemt at Thanksgiving Break skal vi til ei vennine av Alexis og stå på brett ei veke. Ho bur ein plass som eg ikkje huskar namnet på men som er kjent for vintersport og liknande.

Vi reiste tilbake til Pitt torsdags kvelden. Det var egentlig et godt tidspunkt å reise heim på. For vi var bynt å gå tom for penge, og snøven var begynt å renne vekk, og isne til. So det var perfekt timing! Puddersnøv første dagane og so når vi var begynt å bli klare til å reise heim so vart føre dårlig. Perfekt!

Jah. So no er eg tilbake på skulen. Begynt med nye fag. Kjøpt nye, alt for dyre bøker, og er snart klar for å kome heim til sommaren. Men før det er det ting som må ordnast. Flybillett. Jobbsøknadar. Oppbevaring av ting. Eksamen. Bøker. Ting. Jah. Stipend. Lån. Ting. Masse ting.

Up, up and away. Stay safe and be nice.

2 comments:

Siri Supern said...

hehe.. her mer enn antydes det at jeg har en tendens til å utsette ting? det kjenner jeg meg bare bittelit igjen i.. :p (men det må i rettferdighetens navn sies at jeg var omtrent den første på medisin til å levere eksamensoppgaven i etikk, og at jeg allerede nå er ferdig med eksamensoppgave i trener 2-kurset - som skal leveres 6.april)

ellers er alt ved det vanlige :p

Elisabet said...

hehe =D fliiink siri! =D