15 June 2010

"Shadows and dust"

Eg såg Gladiatoren i går. På en gigantisk TV og Bluray spelar, i ein sofa som er godt brukt. Heime.

Eg har og vore på Middelalderfestival på Domkirkeodden. Kjøpte meg nesten sverd, men so fann eg ut at det vart litt for dyrt. So då sparar eg det til ein gong eg har midre råd tenkjer eg. Og so var eg so vidt innom Mjøs-Svøm ei lita stund, og traff diverse diverse. Eg fekk og tid til shopping med While og kinokveld med Supern. Kinokvelden endte ganske so seint, og eg var vel ikkje i seng før midnatt nei. Vanlegvis ville jo det vore heilt okei, men sidan eg skulle på jobb på Norsvin dagen etterpå vart det litt i seinaste laget. Likevel var det verdt det, so worth it. Rart at medan nokre ting alltid forandrar seg, er andre ting alltid dei same.

So etter ein sein kveld, fire timar søvn og ein travel morgon på jobb med nesten ein heil time på overtid, satte eg meg i Audien og køyrde bil i ca fem timar for å kome meg til Stryn. For første gong i mi karriere som bilist so var eg heilt nøydt til å stoppe og sove i 20 min.

Og no er eg her. Fjell som ruvar over meg og beskyttar meg frå omverda får sjela mi til å ta ein langt andedrag og slappe fullstendig av. Eg har plassar i verda som eg verdsett høgare enn andre, men her kan det vere berre meg. Min lisje krok av stillheit og fredelegheit. Alt det andre forsvinn inn i bakgrunnen, difust og ventande. Det er som verda blir sett på vent.

Før eg drog frå Hamar hadde eg og mamma ein liten songtime. Nordfjordsongen er eigentleg veldig fin, eg berre gløymer det mellom kvar gong eg syng/høyrer den.

Du Nordfjord min fagre og fjellsterke heim
du fylgde meg ut i den framande sveim.
Eg ser dine kollar og nutar og tindar,
dei skogkledde åsar og grasgrøne rindar.

Nei, aldri eg gløymer den glitrande fjord
som sølvblank der inn gjennom fjellheimen fór.
Så storfeldt og stilt han om strendene skvalar
og møtes med elvar frå fjell og frå dalar.

Og tunet den heime eg ser det så klårt,
og stova og hagen og alt som er vårt.
Det leikar i hugen når ute eg vankar,
og tidt ber det heimatt med hug og med tankar.

Me tidt gjekk på støylen og fekk oss ein graut.
Og høyrde på kulokk og lurlåt og raut.
Og sela var fulle av gjenter og gutar,
i fjellvotna spegla seg blåblanke nutar.

Eg minnest han far med dei manande ord
og mor, ho som gret då frå heimen eg fór.
Dei gav meg det beste av alt det dei visste.
Gud hjelpe og styrke dei alt til det siste.

Gud signe då Nordfjord frå brede til hav,
og takk for slik fager ein heim du oss gav.
La lukka då fylgje kvar mann og kvar kvinne.
La hugnad i heimen kvar nordfjording finne.


Up, up and away. Stay safe and be nice.

No comments: