I går var det julehandel for alle penga. Shop 'til you drop som det heiter på godt norsk. Eastview Mall er eit relativt stort kjøpesenter med alt mulig rart, inkludert H&M, Macy's, Sears, Spencer's, og Maggie Moo's. Eg fikk handla litt julegåver faktisk, og eg fekk til og med et par idear, so i dag er det enda meir julegåve handling. Det går hardt på lommeboka. Men forhåpentligvis so vinn eg litt pengar på det Flaxloddet eg skal kjøpe meg når eg kjem heim om 5 (!!) dagar.
Når det gjeld andre ting so er eg veldig glad i leilegheita mi her i Rochester. Den er koselig, litt falleferdig, men heime likevel. Sofaen er fantastisk, og senga mi er endå betre, TV'en funkar (stort sett) og Bluray spelaren min er veldig god å ha når eg burde gjere lekser, kjøkkenet mitt er fullt av pasta, og frå kjøkkenvindauget mitt kan eg sjå grønt gras (whaaaat, det er jo desember!), og noko av det beste er at i bakgården vår har eg fått meg nye venner som diggar at eg har ut mat til dei kvar morgon (hint: dei flyr ganske mykje). Det som ikkje er so bra med dette ganske gamle leilegheitskomplekset er at det er 40 år gammalt. Det fører naturleg nok med seg diverse problem. Det nyaste problemet som har dukka opp er at når nokon dusjar so dryp det vatn ned i trappa...
Ellers, so gledar eg meg til jul. Men det har eg kanskje nevnt allerede.
Up, up and away.
No comments:
Post a Comment