08 October 2008

Onsdag

Eg er blitt sjuk. Det er ikkje so alvorleg, for eg er berre forkjøla og tett i haudet. Eg pustar gjennom munnen og halsen er sår, men eg har ikkje feber lenger (hadde litt febertendensar i natt) og eg hostar ikkje, ikkje har eg problemer med å få nok luft, og ikkje har eg utslett over heile kroppen. Eg har heller ikkje vorte blind eller døv eller stum enda, so det er nok ikkje enden på verda heilt enda.

Det eg eigentleg vil fram til er at det er kjipt å vere sjuk når du ikkje har en mamma som kan ta seg av deg. Akurat no kunne eg gitt veldig mykje for å ha mammaen min her.Ho ville kome med ein kopp varm te til meg, og spurd meg om eg er betre eller verre sidan sist ho spurte. Ho ville sagt at det er greit å vere sjuk av og til, men at det går over av seg sjølv. Mammaen min ville og, utvilsomt, kome med eit kjerringråd og foreslått at ingefærte ville gjere susen. Eller kakao med chilli for å rense opp i systemet. Eller ginseng for å få tilbake litt energi.

Men det gjer ingenting. Eg er glad i mammaen min fordiom.

Eg er i USA, og det er vanskeleg å få frakta mammaen min hit på so kort varsel, og innan ho hadde kome seg hit hadde sikkert min tette nese vorte open igjen og ho hadde fått seg en USA tur på et par timar.

Eg får heller vere litt sjuk, og savne mammaen min litt.

Det går nok over skal du sjå.

Up, up and away. Stay safe and be nice.