20 February 2010

Ellers

For å snakke om noko heilt anna so var eg på fjelltur i dag og. Nydelig, og snøv til ei frandring! Vi brukte god tid opp, for ikkje alle i gruppa var like vande med å gå i fjellet om vinteren (som dei likar å kalle det når det nermar seg null på gradestokken). Lunsj på toppen, og eg fekk teke nokre flotte bilder. La nokre av dei ut på Face, men ikkje alle. På veg ned att, på hi (andre) sida av fjellet, akte vi på rumpen nesten heilt ned! So kjekt har eg ikkje hatt det på lenge! Kaos og latter og bilder og snøv! Yeah!

I morgon skal eg esta og sjå eit nytt slott! Bombe. I Conwy denne gongen. Og til veka har eg kanskje tenkt meg ein tur til Chester. Dersom eg har tid. Handle litt. Som om eg ikkje brukar nok penge som det er...

Tidligare i veka var eg og nokre vener og såg Chocolat, ein film med Johnny Depp. Dei andre hadde ikkje sett den før, so eg var gira for alle saman og eg var bombesikker på at dei kom til å elske den! Akurat som eg gjer. "I mean, come on! It's Johnny Depp!". Men den gang ei.

For det første; ei av dei likar ikkje Johnny Depp!!! (Ikkje veit eg kva som er gale med ho).
For det andre; dei likte ikkje historien?!?!
For det tredje; den kvinnelige hovedrolla var ikkje spelt bra nok, og Pantoufle er berre tullete?!?!?!
For det fjerde; det var for mykje fokus på sjokolade i filmen?!?!?!?!
For det femte; lyden av tygging var for høg?!?!?!?!

På bakgrunn av dette har eg kome til den konklusjon at det må vere noko i vatnet dei drikk. Eventuelt noko traumatisk som har skjedd dei i oppveksten som gjer at dei ikkje kan verdsetje gode filmar når dei ser dei. Eller kanskje noko genfeil? Et eller anna er det i alle fall nødt til å vere. Naudlaust å seie so har dette sett djupe arr i sinnet mitt. Eg er ikkje sikker på om eg nokon gong vil sjå dei i same lys. Trist er det.

Til neste gong. Mulan. Chocolat.

Up, up and away. Stay safe and be nice.

No comments: